Dette er kjeldefilene til netstaden til Norsk Målungdom. Den er bygd på den statiske sidegeneratoren Lektor.
Dersom du brukar Windows, kan du fylgja ein videogaid for oppsett.
Du må ha Python installert. Du kan installera lektor til din eigen maskin ved hjelp av pip. For å ikkje installera lektor på heile maskina kan du bruka virtualenv for å laga deg ein eige Python-miljø berre for lektor:
$ virtualenv env $ source env/bin/activate # Aktiver miljøet (environment) $ pip install lektor # Installer lektor
No kan du byggja netsida:
$ lektor server
Du skal nå kunna gå til http://127.0.0.1:5000 og sjå sida. Når du gjer endringar so vil lektor bygga prosjektet på ny, og du kan gjera ei omlasting i netlesaren din for å sjå resultatet av endringane du gjorde.
Lukke til!
For å få endringane til å visast på https://malungdom.no/ so må du lasta dei opp til tenaren. Det gjer du ganske enkelt ved å pusha til GitHub, når endringane landar i master vil dei automatisk gå til test-sida. Der kan du trykka på 'Publiser' so kjem endringane på netsida.
Om du ikkje har tilgang, lag ein pull request på GitHub so tek ein av oss endringa di inn.